Heimesjukepleien søker deg med engasjement og ønske om faglege utfordringar innan eldreomsorga
Tilkallingsvikar
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ynskjer ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!
Vi har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag-, kveld- og nattevakter.
Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft.
Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å få tilbod om arbeid eller plikt til å ta på seg tilbydd arbeid.
Vi har behov for ekstrahjelp/ringevikar i heimesjukepleien, heimehjelp, nattevaktlaget og ved dagsenteret.
Arbeidsstad
Heimetenester Eikelandsosen - heimesjukepleie og heimehjelp i:
gruppe 1 Baldersheim
gruppe 2 Eikelandsosen
Dagsenter for eldre og demente
Nattevaktlaget
Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Tilsetjing vil bli gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp, men dette er ikkje eit krav.
Om du er ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkommen til å søkja. Di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve relevans.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som:
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør
- evne til å møte andre på ein respektfull måte
- du må vera fleksibel, serviceinnstilt, lojal og pliktoppfyllande
- kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Søkjarar utanfor Norden må legge fram dokumentasjon på gode norskkunnskapar og gjennomført norsktest B1/B2 nivå.
Førarkort kl B
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Referansenummer:
24/1473
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Assistent
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar
Stillingstype:
Tilkallingsvikar
Søknadsfrist:
31.12.2024
Tiltreding:
Snarast / Etter avtale
Arbeidsstad:
Alle avdelingar
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Leitet 28 5640 Eikelandsosen