Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Ferivikarar - Fusa bu- og behandlingssenter

Kan eit ferievikariat ved Fusa bu- og behandlingssenter vera det rette for deg i sommar?
Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsette skal ha ferie i perioden 17.06.24 – 19.08.24 (veke 25 – 33). Du vil få ein meiningsfull sommarjobb med mange interessante og varierande oppgåver, og godt samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer. Her er ein gyllen moglegheit for å skaffa deg spanande praksis.

Arbeidsstad
Vi treng ferievikarar ved dei ulike avdelingane ved FBBS som er:

  • Miljø avdelinga
  • Korttids- og rehabililteringsavdelinga
  • Bu avdelingar
  • Reinhald og vaskeri
  • Kjøkken

Om du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Skriv også kva periode du kan arbeida og kva stillingsstorleik du ynskjer.
Vi ønskjer at du kan jobba minst 4 veker i ein samanhengande periode om sommaren.

Dersom du er den rette, kan me gjere tilpassingar.

Tilsetjing vert gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast!

Arbeidsoppgåver
Pleie- og omsorg, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon, reinhald og måltid-/kjøkkenarbeid.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter:
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, aktivitør, studentar innan helsefag og pleiemedarbeidarar. Samt studentar inn kokk og servitør til kjøkken og måltidsarbeid.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi vil prioritere dei som er over 18 år, men alle vil bli vurdert.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Du kan jobbe sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
  • Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
  • Du er pliktoppfyllande, fleksibel og samarbeidsvillig
  • Du har gode kommunikasjonsevner, godt humør og har evne til å møte andre på ein respektfull måte

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi ser fram mot å høyre frå deg!

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/1071

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp
Sesong

Heiltid/Deltid:

Deltid
Heiltid
Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Reinhaldsoperatør
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Deltid
Ferievikar
Heiltid
Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

13.05.2024

Tiltreding:

17.06.2024 / etter avtale

Arbeidsstad:

Fusa bu- og behandlingssenter

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: