Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Ferievikarar - Heimetenester Eikelandsosen/Baldersheim

Ferievikarar 2024- veke 25 - 33
Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis? Kan ferievikariat i Heimetenesta – Eikelandsosen eller Baldersheim vera noko for deg?

Arbeidsstad
Vi treng ferievikarar ved dei ulike avdelingane i heimetenestene:

  • Baldersheim gr 1: heimesjukepleie, heimehjelp og reinhaldar.
  • Eikelandsosen gr 2: heimesjukepleie og heimehjelp.
  • Dagsenter for eldre og demente.

Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.
Vi ønskjer at du kan jobba minst 4 veker i samanhengande periode om sommaren.

Arbeidsoppgåver

  • Pleie- og omsorg til heimebuande pasientar
  • Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar på dagsenter, organisering av måltid og køyring til og frå heimen
  • Heimehjelpa yter praktisk bistand i heimane til brukarane.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter:
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, aktivitør, assistentar, studentar innan helsefag.

  • Vi søkjer deg som kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre.
  • Du må vera fleksibel, lojal og pliktoppfyllande.
  • Gode kommunikasjonsevner og godt humør er også ein føresetnad.
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/1070

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp
Sesong

Heiltid/Deltid:

Deltid
Heiltid
Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Deltid
Ferievikar
Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

13.05.2024

Tiltreding:

17.06.2024

Arbeidsstad:

Heimetenester

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: