Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter

Tilkallingsvikarar

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ynskjer ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!  

Vi har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag-, kveld- og nattevakter.

Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft.
Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å få tilbod om arbeid eller plikt til å ta på seg tilbydd arbeid.  

 Vi har behov for ekstrahjelp/ringevikar ved dei ulike avdelingane ved Fusa bu- og behandlingssenter.

Arbeidsstad
Vi treng tilkallingsvikarar ved dei ulike avdelingane ved FBBS som er:

  • Miljøavdelinga
  • Korttids- og rehabililteringsavdelinga
  • Buavdelinga
  • Reinhald og vaskeri
  • Kjøkken (produksjonskjøkken og postkjøkken)

Om du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.

Søknadane blir handsama fortløpande og det er kun aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg derfor om å senda inn søknaden din snarast.

 Vi ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver
Pleie- og omsorg, miljøarbeid, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon, reinhald og måltid-/kjøkkenarbeid.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter:
sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, aktivitør, studentar innan helsefag og assistentar.

Vi vil prioritere dei som er over 18 år, men alle vil bli vurdert.

Eigenskapar
Du kan jobbe sjølvstendig og i godt samarbeid med andre.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Du er pliktoppfyllande, fleksibel og samarbeidsvillig.
Du har gode kommunikasjonsevner, godt humør og har evne til å møte andre på ein respektfull måte. 

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. 

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Referansenummer:

24/414

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

31.12.2024

Tiltreding:

Snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

Alle avdelingar

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: