Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter

Fusa bu- og behandlingssenter (Fbbs) søker etter deg som har eit hjarta for eldreomsorg, ynskjer ein god arbeidsplass og faglege utfordringar.

Helgestillingar

Er du vår nye kollega?

Ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) er det ledig fleire faste helgestillingar med oppstart frå snarast.  
Stillingane er i turnus med varierande stillingsstorleik (13 - 20%).

Arbeidsstad
Fast helgestilling ved dei ulike avdelingane våre på FBBS.

Miljøavdeling for personar med demens
Buavdeling somatisk
Korttids- og rehabiliteringsavdeling

Ynskjer du å bli ein del av vårt arbeidsmiljø og bli vår nye kollega er du hjarteleg velkommen som søkar.

Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.
Helgestilling består av arbeid 2. kvar eller 3. kvar helg. Skriv gjerne i søknad kva du ynskjer.

Søknadane blir handsama fortløpande og det er kun aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg derfor om å senda inn søknaden din snarast.

Vi ser fram mot å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorgsoppgåver.
  • Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon.
  • Måltid / kjøkkenarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
Til helgestillingar ønskjer vi særleg å rekruttere deg som er student innan helse og sosialfagleg utdanning. Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring vil også bli vurdert.
Me søkjer også deg som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning.

Vi søkjer etter: sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar innan helsefag, pleiemedarbeidarar

Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Du er fleksibel, samarbeidsvillig, har gode kommunikasjonsevner og godt humør.
Du kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre.
Gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg.

Me vil prioritere dei som er over 18 år, men alle vil bli vurdert.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Spennande og engasjert fagmiljø.
  • God opplæring i aktuell avdeling.
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Løn etter gjeldande avtalar, med eigen avlønning for studentar med relevant utdanning.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Referansenummer:

24/413

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Deltid
Helgestilling

Søknadsfrist:

31.12.2024

Tiltreding:

Snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

Alle avdelingar

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: