Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Ferievikarar

Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis eller ein meiningsfull feriejobb?
Då kan kanskje ferievikariat ved Luranetunet bu og behandlingssenter vera noko for deg ?

Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsette skal ha ferie i perioden 17.06.24-18.08.24 (veke 25 - 33). Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobbe. Vikarar som kan jobbe samanhengande, helst 4 veker, og dekke eit størst mogleg tidsrom av sommaren, vil bli prioritert. Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å sende inn søknaden din snarast. 

Dersom du har bestemte ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkefølgje i søknaden, helst 
3 ønskjer. Du vil få ein meiningsfull sommarjobb med mange interessante og varierande oppgåver, og godt samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer. Her har du ein god moglegheit for å skaffa deg spennande praksis og yrkeserfaring.

Arbeidsstad
Kun nokre få minutt køyring frå Bergen ligg Luranetunet bu og behandlingssenter. Tunet rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og ein serviceavdeling – reinhald, vaskeri, kantine, teknisk.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel».Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Vi har og ein flott innebygd tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette.

Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)

Behovet for ferievikarar gjeld i pleie- og omsorgstenesta, avdelingar:
- Behandlingsavdeling
- Rehabiliteringsavdeling
- Buavdeling 1. etg.
- Buavdeling 2. etg.
- Avd. Breheim
- Avd. Bergheim
- Avd. Fjordheim
- Avd. Solheim
- Avd. Vårheim
- Reinhaldsavdeling
- Vaskeriavdelilng
- Nattevaktslaga 

- Vi har ulike vaktordningar som t.d. langvakter som bidreg til at ein kan få lengre friperiodar mellom vaktene. Du vil bli kontakta for samtale der mellom anna slike ønskjer kan avklarast.

Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intevju.

Kvalifikasjonar:

Som ferievikar ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp.
- Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja
- Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske, er du og velkomen til å søkja sommarjobb hos oss
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har god norsk munnleg og skriftelg framstillingsevne

Dine personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi kan tilby

  • Løn etter gjeldande avtalar, studentavlønning for relevant utdanning
  • Ekstra tillegg for arbeid på natt
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Del på:

Referansenummer:

24/326

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Helg
Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Ergoterapeut
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Ferievikar

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Alle avdelingar

Kontaktpersonar:

Ass. einingsleiar Hilde Karin Storum

mob: +47 976 70 717

Einingsleiar Anne Berit Karlsen

mob: +47 902 02 164

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kart: