Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Luranetunet bu- og behandlingssenter søker til alle avdelingar

Tilkallingsvikarar

Vi treng tilkallingsvikarar både i serviceavdelingane (vaskeri, reinhald, kjøken) og i pleieavdelingane.
I pleieavdelingane har vi behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide både dag-, kveld- og nattevakter.

 Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. 

Arbeidsstad
Kun nokre få minutt køyring frå Bergen ligg Luranetunet bu og behandlingssenter. Tunet rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og ein serviceavdeling – reinhald, vaskeri, kantine, teknisk.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel».Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Vi har og ein flott innebygd tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette.

Vi treng tilkallingsvikarar både i serviceavdelingane (vaskeri, reinhald, kjøken) og i pleieavdelingane
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)

Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju.

Kvalifikasjonar:

  • Som tilkallingsvikar i pleien ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning/erfaring eller er i eit helsefagleg utdanningsløp
  • Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja
  • Som tilkallingsvikar i serviceavdelinga er det ein fordel med utdanning/erfaring innan reinhald, vaskeri eller kjøkendrift, men ikkje eit krav
  • Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske, er du og velkomen til å søkja.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
  • Dine personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi kan tilby

  • Løn etter gjeldande avtalar, studentavløning for relevant utdanning
  • Ekstra tillegg for arbeid på natt
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

24/289

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag
Helg
Kveld
Natt

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

Fortløpande tilsetjing

Arbeidsstad:

Alle avdelingar

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kart: