Bjørnafjorden kommune Oppvekst

Vil du vere tilkallingsvikar barnehageåret 2023/2024?

Tilkallingsvikar

Bjørnafjorden kommune har 8 barnehagar. Vi arbeider etter verdiane "tryggleik, anerkjenning og meistring"

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er språk, leik, realfag, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.

Vi ber deg oppgje om du er interessert i å jobbe ved alle barnehagane i Bjørnafjorden kommune, eller eventuelt på kva side av fjorden du vil jobbe.
Registrer CV, og fortell litt om deg sjølv. Den einskilde barnehage vil ta kontakt med deg ved behov for vikar.

Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga av sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.

Arbeidsstad
Barnehagane i Bjørnafjorden kommune

Arbeidsoppgåver

  • Fagarbeidaren/assistenten vil i lag med personalet på avdelinga ta del i det praktiske og pedagogiske arbeidet med barna
  • Utforska og undra seg i lag med barna
  • Vere medansvarleg for å legge til rette for barna si læring, utvikling og danning
  • Bidra til eit godt språkleg miljø

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i barne og ungdomsarbeidarfaget
  • Utdanning som barnehagelærar, eller anna relevant pedagogisk utdanning
  • Relevant erfaring

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • er engasjert, vaksen og tydeleg
  • har eit positivt menneskesyn og gode evner til samarbeid
  • er glad i å vere ute
  • er ein god språkmodell
  • har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
  • kan ta ansvar og initiativ, og vere fleksibel
  • du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk

 

Vi legg vekt på personlege eigenskaper.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar -spesiell avlønning for studentar med relevant utdanning
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

23/6272

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Assistent
Barnehagelærar
Fagarbeidar

Stillingstype:

Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

15.06.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Barnehagane i Bjørnafjorden kommune

Kontaktpersonar:

Irene Kvåle Foer

mob: +47 917 57 972

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: