Bjørnafjorden kommune Oppvekst

Vil du vere tilkallingsvikar skuleåret 2023/2024

Tilkallingsvikar som lærar

Er du engasjert, vaksen og tydeleg og ønskjer å vere med å forme den gode skulen i Bjørnafjorden?

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Bjørnafjorden kommune har fjorten barneskular og tre ungdomsskular. 
Vi ber deg oppgi om du er interessert i å jobbe ved alle skulane i Bjørnafjorden kommune, eller eventuelt på kva side av fjorden du vil jobbe.
Bjørnafjorden kommune med ca. 25 000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opnar ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.

Registrer CV-en din og fortel litt om deg sjølv. Skulen tar kontakt med deg når dei har behov for vikar.
Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga av sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.

Arbeidsstad                
Skulane i Bjørnafjorden kommune

Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i grunnskulen

Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som:
- har lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning
- er student
Er du ufaglært og har interesse for arbeid med barn og unge er du også velkomen til å søke, og di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve til relevans.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. Det vil sei at du må kunne vise til både:
- «godkjenning av utenlandsk høyere utdanning» 
­- «godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage»

Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. 
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som at:
 du har eit positivt menneskesyn
-  du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne, samt interesse for barn og unge
-  du er positiv og lærevillig
-  du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar -spesiell avlønning for studentar med relevant utdanning
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

23/5746

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Lærar

Stillingstype:

Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

31.05.2024

Tiltreding:

Fortløpande

Arbeidsstad:

Skulane i Bjørnafjorden Kommune

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: