Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Helsefagarbeidar/ergoterapeut/sjukepleiar 100% fast Luranetunet avdeling Breheim

 Om Luranetunet bu- og behandlingssenter 

Luranetunet rommar 2 kortidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og serviceavdelingar reinhald, vaskeri, kantine og teknisk. Luranetunet har også fast tilsette sjukeheimslegar. Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. 

Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.Ute har vi sansehage med høner, kaniner, lysthus, bærbuskar, tre og planter.

Alle demensavdelingane våre jobbar personsentrert, som er den anbefalte faglege nasjonale retningslinja om demens. Vi vil byggja eit fagmiljø som er med å fremja synet om demens i samfunnet og som er opptatt av å sjå mennesket bak sjukdommen. Vårt motto er: "det mennesket med demens har, blir vektlagt meir enn det som manglar".
Målsettinga vår er at bebuarane skal kjenna seg trygge og oppleva kontinuitet i tenestene. Vi ynskjer difor å nytta kompetansen til ulike faggrupper, og saman med tilsette i store stillingar meiner vi å kunne oppnå denne målsettinga.
Vi har ledig :

100% fast stilling, vanleg turnus, arbeid kvar 3 helg eller kvar 4. helg med langvakter

Arbeidsstad:
Pleie- og omsorgstenesta, avdeling Breheim, Luranetunet

Kvalifikasjonar:
- Du har autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar, ergoterapeut eller har anna relevant helsefagleg utdanning
- Du er løysningsfokusert og har god samarbeidsevne
- Det er ønskjeleg at du har erfaring og kompetanse innan demens
- Bestått Norskkurs Nivå B2, for søkjarar utanfor Norden
- Utdanning frå utlandet må vera godkjent av NOKUT
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar

 Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/6994

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

23.09.2021

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Luranetunet bu- og behandlingsssenter

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kontorlokalisering