Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Fagarbeidar ved Os ungdomsskule

Vi har ledig eit engasjement i 78% stilling som fagarbeidar skuleåret 21/22

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020).

Arbeidsstad
Os ungdomsskule ligg sentralt til i Os sentrum, har 55 tilsette og 419 elevar fordelt på 5-6 klassar på kvart trinn. Elevtalet er aukande i åra som kjem.

Arbeidsoppgåver
- Legge til rette for positiv utvikling for alle elevar og setje i verk utviklingsstøttande tiltak
- Følge opp elevar i skulen
- Delta i planlegging saman med personalet
- Vere ein tydeleg vaksen

Kvalifikasjonar
Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget, men andre med relevant utdanning og arbeidserfaring vil og bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent.
Erfaring frå arbeid med ungdommar og god relasjonskompetanse.
Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Eigenskapar
Vi søker etter kloke og fagleg dyktige medarbeidarar som har evne til å skapa gode relasjonar til elevane. I tillegg til formell kompetanse, er vi opptekne av personlege eigenskapar og ser etter deg som:
- er positiv, engasjert, lojal og støttande både i høve elevar, tilsette og samarbeidspartar
- kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- tydeleg og god på kommunikasjon
- strukturert og systematisk, kreativ og løysingsorientert

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Komprimert arbeidstid i 39 veker. Du vil dermed ha fri i elevane sin haust-, jule-, vinter-, og påskeferie og mesteparten av sommarferien
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

21/5802

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.08.2021

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Os ungdomsskule

Adresse:

Kontorlokalisering