Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Ledige helgestillingar på Luranetunet

Om Luranetunet bu- og behandlingssenter
Luranetunet rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og serviceavdelingar – reinhald, vaskeri, kantine, teknisk. Sjå heimesida vår for meir informasjon: Bjørnafjorden.no eller Luranetunet si facebook side. Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med høner, kaniner, lysthus, bærbuskar, tre og planter. Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.

Vi har fleire ledige helgestillingar, og har du lyst til å jobbe på ein av våre avdelingar med gode kollegaer er dette ein flott moglegheit for deg som er i eit helsefagleg utdanningsløp. Her kan du få verdifull praksis i høve utdanninga di. 
Men er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkomen til å søkje, og tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert opp i mot det som er relevant for stillinga.

Arbeidsstad
Luranetunet bu- og behandlingssenter

Arbeidstid og stillingsstorleik
Arbeidstid vil vera på helg; enten fredag, laurdag, søndag eller berre laurdag og søndag. Det kan vera aktuelt med annakvar helg, tredje kvar helg eller kvar fjerde helg i langvakter. Dette vert bestemt ut frå behov og ønskje. Dette vert også avgjerande for stillingsstorleik. Skriv gjerne i søknaden kva ønskjer du har.

Kvalifikasjonar 
- Personar med helsefagleg utdanning 
- Student/elev i helsefagleg utdanningsløp 
- Det er også mogeleg for personar som vurderer eit helsefagleg utdanningsløp å søkja

Vi tilbyr: 
- God oppfølging og rettleiing i avdelinga 
 -Internopplæring
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen. 

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Søkjarar med framandspråkleg bakgrunn må dokumentera gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. 

Del på:

Referansenummer:

21/5301

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

31.08.2021

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Luranetunet bu- og behandlingsssenter

Kontaktpersonar:

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kontorlokalisering