Bjørnafjorden kommune Trollskogen barnehage

Lyst å vera med å utvikle Trollskogen barnehage i Bjørnafjorden kommune?

Barnehagelærar, vikariat

Vi har ledig 100 % vikariat som barnehagelærar ved Trollskogen barnehage frå 01.08.2021 – 31.07.2022, med mogeleheit for fast tilsetting

Vi søker deg som ønsker å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Trollskogen barnehage og som vil halde fram med å utvikle barnehagen som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng barnehagelærar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Barnehagen sine verdiar "Meistring, tryggleik og anerkjenning" er sentrale i alt arbeid med våre barn og er viktig for eit godt barnehage-heim samarbeid.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. Barnehagen er med i regional kompetanse utvikling og har satsing på voksenrolla i uteleiken. Dette er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.

Arbeidsstad
Trollskogen barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader i bygda Fusa som innbyr til leik og undring. I barnehagen sitt nærområde er det skog, sjø, fjell, skule, symjehall og butikk. Barnehagen har stor vekt på friluftsliv, danning og sosial kompetanse. Trollskogen barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. Barnehagen har 9 tilsette og 25 barn fordelt på 2 avdelingar. Målet er å vere ein god stad for alle barn, og gje barna grunnlag for fagleg og sosial utvikling.

Arbeidsoppgåver
Barnehagelæraren har medansvar for:
- oppfylging av enkelt barn og barnegruppa
- planlegging og tilrettelegging av det daglege arbeidet med barna
- leiing, samarbeid med, og rettleiing av personalet i teamet på avdelinga
- plan- og vurderingsarbeid
- nettverks og utviklingsarbeid
- samarbeid med foreldre

Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærer eller annen høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har evne og vilje til å utvikle barnehagen sin praksis i tråd med oppdatert forsking og kunnskap på feltet, og samtidig møte lokale forhold
- er løysingsorientert og god på organisering
- har evne til å inspirere andre, bidrar til arbeidsglede og får fram den enkelte sitt potensiale
- har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
- har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for leik og læring

Du må ha evne og vilje til:
- å jobbe i team og ha gode samarbeidsevner med foreldre/føresette og barnehagen sine samarbeidspartar
- å bidra til å vidareutvikle barnehagen som lærande organisasjon og styrke det profesjonelle fellesskapet
 

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkaren bli varsla om det.

 

Del på:

Referansenummer:

21/4748

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.06.2021

Tiltreding:

01.08.2021

Arbeidsstad:

Trollskogen barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Kontorlokalisering