Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for vaksne

Assisterande avdelingsleiar

Tilrettelagte tenester vaksne, arbeidsstad for tida Bjørnefjorden Bufellesskap, har frå 01.09.21  ledig 100% fast stilling som assisterande avdelingsleiar.

Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjer tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar over 18 år med utviklingshemming. Tenestene består av 9 bufellesskap, ambulerande miljøtenester  og 2 dagsenter.

Bjørnefjorden bufellesskap ligg nokre minutt frå Os sentrum, og gir tenester til 12 unge tenestemottakare.

Stillinga som assisterande avdelingsleiar er på dagtid, men vil være i kombinasjon mellom administrative oppgåver og brukarretta arbeid i miljøet.

Kvalifikasjonar

  • Vi søker fortrinnsvis deg som har autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar, men søkjare med anna relevant helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på bachelornivå vil også verta vurdert.
  • Brei erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming.
  • Du er bevisst dine haldningar og prioriterar høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
  • Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar  
  • Skaper gode relasjonar internt og eksternt og har evne til samarbeid
  • Inspirerer andre og bidrar til arbeidsglede
  • Har eit stort engasjement for brukargruppa og som aktivt bidrar til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk samt eininga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn
  • Ønskeleg med relevant videreutdanning

Arbeidsoppgåver

Alle tilsette i eininga har i oppgåve å yte heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverking og førebygging. «Kva er viktig for deg» skal spegla seg i ord og handlingarog stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenedstemottakar. Vi skal sikra at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.

Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

I tillegg til dette skal assisterande avdelingsleiar:

  • Assisterande avdelingsleiar skal, saman med avdelingsleiar, vere med å utvikle avdelinga og tenestene, bidra til felles kulturbygging og legge til rette for god intern organisering
  • Bistå avdelingsleiar i høve drift av bufellesskapet og er stedfortreder i avdelingsleiar sitt fråvær
  • Deltek i planlegging og utarbeiding av gode system som sikrar kvalitet i drifta og at brukarane rettar vert ivaretatt.
  • Bidreg til med organisering av vikarar og føring av variabel løn
  • Har oppgåver/ansvar innan opplæring, fagleg rettleiing, medikamenthandsaming og deltaking på ansvarsgruppemøter og i ressursgrupper
  • Være ein ressursperson i høve fagutvikling og internundervisning
  • Sørgje for at det vert gjeve tenester som er faglig og etisk forsvarleg.
  • Andre oppgåver etter avtale med avdelingsleiar/einingsleiar

 

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

 

Del på:

Referansenummer:

21/4512

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

21.06.2021

Tiltreding:

01.09.2021

Arbeidsstad:

Bjørnefjorden bufellesskap

Adresse:

0000

Kontorlokalisering