Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Er du oppteken av høg fagleg standard og systematiske og målretta miljøterapeutiske tiltak overfor personar med demenssjukdom, må du vurdere denne stillinga.

Avdelingsleiar - Dementavdeling, Bergheim ved Luranetunet

Bergheim er ei institusjonsavdeling for bebuarar 14 med sjukdomen demens eller stor kognitiv svikt. Avdelinga er delt i to grupper. Ei gruppe for unge demente og ei forsterka gruppe for bebuarar som treng ekstra skjerming og/eller særleg tett oppfølging. I arbeidet vårt legg vi stor vekt på miljøarbeid /-terapi. Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi gjer kvarandre gode og der vi er oppteken av høg fagleg kvalitet. Fleire i personalgruppa har vidareutdanning innan psykisk helse/demenssjukdom. Luranetunet har også fast tilsette sjukeheimslegar.

Om Luranetunet bu- og behandlingssenter 
Luranetunet rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og serviceavdelingar – reinhald, vaskeri, kantine, teknisk. Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med høner, kaniner, lysthus, bærbuskar, tre og planter. Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss. 

Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar som har krav på god rettleiing, og sjukepleiarane er sentrale i dette arbeidet. Vi dokumenterer helsehjelp i Profil og vi har eit elektronisk kvalitetssystem med rutinar og prosedyrar som kvar enkelt er ansvarleg for å halde seg oppdatert på. 

Sjå heimesida vår for meir informasjon: Bjørnafjorden.no eller Luranetunet si facebook side. 

Arbeidsoppgåver 
- Bidra til å utvikla gode tenester for personar med demenssjukdom
- Ansvar for dagleg drift og arbeidsplanar
- Fagleg leiing og oppfølging av personalet
- Rettleia tilsette i faglege og etiske dilemma
- Utarbeida, forvalta og vidareutvikla gode system som sikrar at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Vera ein del av avdelingsleiargruppa og medverka til utvikling av gode tenester i pleie- og omsorgstenestene 

Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
- Leiarutdanning og vidareutdanning i geriatri/psykisk helse eller anna relevant vidareutdanning er ein fordel men ikkje eit   krav
- Leiarerfaring kan erstatta manglande leiarutdanning
- God datakunnskap og kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Profil eller andre PLO system vil vera ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått « Bergenstest» ( test i norsk – på høgare nivå.)
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar
Vi ønskjer ein leiar som:
- Har interesse for demensomsorg og miljøterapeutisk arbeid
- Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Er drivande oppteken av kvalitet og fagutvikling
- Evnar å motivera og skapa engasjement blant dei tilsette
- Er tydeleg, arbeider målretta og har gjennomføringskraft
- Har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
- Er positiv, kreativ og løysningsorientert 

Det blir lagt vekt på personlege eigenskaper

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

Del på:

Referansenummer:

21/4428

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

14.06.2021

Tiltreding:

august 2021

Arbeidsstad:

Luranetunet bu- og behandlingsssenter

Kontaktpersonar:

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kontorlokalisering