Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter

Sjukepleiar

Ønskjer du eit godt arbeidsmiljø, faglege utfordringar, dyktige kollegaer og har eit bankande hjarta for eldreomsorga? Då er kanskje dette rette jobben for deg!

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast.

Stillinga er knytt til miljøavdelinga i turnus med dag/aftenvakter og kvar 3. helg.

Om intern søkjar vert tilsett i stillinga kan det bli ledig sjukepleiarstilling ved anna avdeling på Fbbs.

Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter (Fbbs), miljøavdelinga

FBBS er ein heildøgnsinstitusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune, med utsikt over fjorden.  FBBS består av 2 miljøavdelingar for personar med demens, 1 buavdeling for somatisk og 1 korttids/rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt 1 ØHD- plass. FBBS har eige produksjonskjøkken og vaskeri. Ein flott sansehage knyttar dei to miljøavdelingane saman og her kan ein nyte gode stunder ute.
Med nydeleg utsikt over fjorden, i fine nyoppussa lokaler og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø gjer dette til ein spennande og utfordrande arbeidsplass.

Som sjukepleiar på FBBS får ein moglegheit til å bli kjent med alle avdelingar. Dette skapar varierande arbeidskvardag, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike områder. Ein får jobbe tverrfagleg og blir godt kjent med alle yrkesgrupper. Det er faste sjukepleiarmøter som er ein fin arena for både faglege og etiske refleksjonar. Meistring og omsorg, råd og veiledning, ernæring, observasjon og dokumentasjon er ein viktig del av det å jobbe som sjukepleiar ved FBBS.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve forsvarlege tjenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk.
  • Dokumentere i gjeldande fagsystem og fylgje opp oppgåver knytt til dette.
  • Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak.
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester.
  • Være ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar.
  • Veilede, oppfølging og støtte, internundervisning til pasientar, pårørande og kollegaer.
  • Bidra til tverrfagleg samarbeid.
  • Legemiddelhandsaming.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Sjukepleiarstudentar som er ferdig utdanna våren 2021, blir oppfordra til å søke.
  • Stort hjarta og interesse for eldre- og demensomsorga.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Gode evner til observasjon og dokumentasjon.
  • Ansvarsbevisst og pliktoppfyllande.
  • Omstillingsorientert og ser moglegheiter framfor begrensningar.
  • Du er stolt over ditt fag og tek ansvar for eiga utvikling.
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg.
  • Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi tilbyr:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Spennande og god arbeidsplass med tverrfagleg samarbeid i fokus.
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Løn etter gjeldande avtalar.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

Del på:

Referansenummer:

21/3454

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

23.06.2021

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Miljøavdelinga

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kontorlokalisering