Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for barn og unge

Tilkallingsvikarar

Tilrettelagte tenester for barn og unge i Bjørnafjorden er eit avlastingstilbod, og bustad, for personar under 18 år med nedsett funksjonsevne. Det er eit kommunalt tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på begge sider av fjorden, med Varafjell avlastningssenter, Os avlastning og Fusa avlastning. Sentera ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass og friluftsområde. I tillegg yt vi tenester i heim og på skule.

Tilsetjing vil verta gjort fortløpande.

Arbeidsstad

Varafjell avlastning, Os avlastning og Fusa avlastning.

Oppgje i søknaden kva avdeling du søkjer på, i foretrukket rekkefølge .

 
Arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt opp mot barn/ ungdom på avlastning, i skule/sfo og i heim. Ein ønskjer så langt som råd er å begrense talet vaksne kvart barn må forhalde seg til, slik at stillinga vil kunne variera mellom dei tre nemnte arenaer.

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane.

Arbeidet består i å yte brukarane den bistand dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne. Reflekterande omsorg, målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er

sentrale arbeidsoppgåver. I funksjonen inngår førebyggjing, habilitering og rehabilitering.

Ønskjer du å vere ein del av eit spennande arbeidsmiljø er denne stillinga heilt perfekt for deg. Du ønskjer utfordringar og er oppteken av å ivareta barnet som om det var ditt eige. På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er

nettopp du den vi treng for å kunne gje barnet eit godt heilhetleg tilbod.

Du er både sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner. Du er klar for noko nytt og spennande, er endringsvillig og spontan.

Vakter er i turnus med arbeid på dag, kveld og helg. Du må kunne arbeide frå klokka 7.00

 

Kvalifikasjonar

Du er:

  • fylt 18 år
  • engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med barn og unge

Det vil vere ein fordel om du har fagbrev som helsefagarbeidar / barne -og ungdomsarbeidar eller er under helsefagleg utdanning.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. 

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Del på:

Referansenummer:

21/1107

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

15.12.2021

Arbeidsstad:

Tilrettelagte tenester for barn og unge

Adresse:

Industrivegen 88 5210 Os

Kontorlokalisering