Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Tilkallingsvikarar 2021 Luranetunet

Tilkallingsvikarar 2021 - Luranetunet bu- og behandlingssenter

Vi har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeida dag-, kveld- og nattskift 

Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga av sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudtarbeid.

Vi har behov til ekstrahjelp/ringevikar ved ved sengepostane og i reinhalds- og vaskeriavdelinga.
Vi har spesielt behov for tilkallingsvikarar som kan ta nattevakter.

Arbeidsstad
Luranetunet bu- og behandlingssenter

Luranetunet har 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar, samt serviceavdelingar.
Vi har og ein flott innebygd tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. For meir informasjon sjå Luranetunet si facebookside.

Kvalifikasjonar
Som tilkallingsvikar ønskjer vi at du har du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp men dette er ikkje eit krav.

Er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkomen til å søkja, og di tidlegare rbeidserfaring vil bli vurdert i høve til er relevant.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som at;
-  du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-  du er positiv og lærevillig
-  du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Søkjarar utanfor Norden må legge fram dokumentasjon på gode norskkunsskapar og gjennomført norsktest på B1/B2 nivå

Vi tilbyr: 
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Løn i samsvar med lov og avtaleverk - spesiell avlønning for studentar med relevant utdanning.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

Del på:

Referansenummer:

21/714

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.11.2021

Tiltreding:

fortløpande

Arbeidsstad:

Luranetunet

Kontaktpersonar:

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kontorlokalisering