Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Ferievikarar Luranetunet

Ferievikarar 2021 - Luranetunet bu- og behandlingssenter

Ferievikarar veke 25-32

Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis eller ein meiningsfull feriejobb?
Då kan kanskje ferievikariat ved Luranetunet bu og behandlingssenter vera noko for deg ?

Arbeidsstad: 
Luranetunet bu- og behandlingssenter

Luranetunet rommar 2 korttidsavdelingar,8 langtidsavdelingar samt serviceavdelingar.
Vi har ein flott innebygd tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. For meir informasjon sjå Luranetunet si facebookside. 

Behovet for ferievikarar gjeld i pleie- og omsorgstenesta, 
avdelingar: 
- Behandlingsavdeling
- Rehabiliteringsavdeling
- Buavdeling 1. etg.
- Buavdeling 2. etg.
- Avd. Breheim
- Avd. Bergheim
- Avd. Fjordheim
- Avd. Solheim
- Avd. Skogheim
- Avd. Lyngheim
- Reinhaldsavdeling
- Vaskeriavdelilng
- Nattevaktslag (5 stk)

 - Dersom du har bestemte ønskjer om avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden
- Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast
- Vi ønskjer at du kan jobba minst 4 veker i samanhengande periode om sommaren.
- Vi har ulike vaktordningar som t.d. langvakter som bidreg til at ein kan få lengre friperiodar mellom vaktene. Du vil bli kontakta for samtale der mellom anna slike ønskjer kan avklarast.

Kvalifikasjonar:
Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske, er du velkomen til å søkja sommarjobb hos oss.
Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend og framanspråklege må dokumentere godkjendt norskprøve på nivå B1/B2 
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Løn i samsvar med lov og avtaleverk - spesiell avlønning for studentar med relevant utdanning.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Del på:

Referansenummer:

21/713

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

14.06.2021

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Luranetunet

Kontaktpersonar:

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kontorlokalisering