Bjørnafjorden kommune Søfteland barneskule

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Avdelingsleiar SFO

Vi har ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar på SFO og 1. trinn frå 01.08.2024

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Arbeidsstad
Søfteland barneskule har ca 240 elevar frå 1-7 trinn og ca 35 tilsette.

Vi er opptatt av å gjere kvarandre gode og tenker at dersom alle jobbar mot same mål og bidrar etter beste evne, vil vi lukkast med å skape eit trygt og godt læringsmiljø. Verdigrunnlaget vårt byggjer på tre fokusområde: "Meistring, tryggleik og anerkjenning". Oppdraget i Kunnkapsløftet 2020 er sentralt i vårt arbeid med å fornye verdigrunnlaget, prinsipp for læring og arbeidet i klasserommet. Forsking viser at elevane har størst utbyte av læringsarbeid saman med klassen og vi organiserer opplæringa i basisfaga med delte klassegrupper. Du kan lese meir om Søfteland barneskule på nettsida.

Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiing og personalansvar

- Følge opp læringsarbeidet og elevane si faglege utvikling
- Legge til rette for pedagogisk utviklingsarbeid, og delta i eit lærande fellesskap
- Dialog med føresette
- Samarbeide med PPT og delta i skulen sitt tverrfaglege samarbeid
- Vere del av skulen og kommunen sine leiarteam

Kvalifikasjonar
Godkjent relevant utdanning frå høgskule eller universitet og kompetanse for barnetrinnet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Det vil sei at du må kunne vise til både:

- «godkjenning av utenlandsk høyere utdanning» 
­- «godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage»
Det er ønskeleg med leiarkompetanse som er relevant for stillinga. 

God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Vi søker deg som:

- er ein relasjonsbyggar og ein trygg leiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø
- er tydeleg og har gode samarbeidsevner overfor elevar, tilsette og foreldre
- er løysingsorientert, fleksibel og kan delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid
- har god digital kompetanse

Det er ein fordel om du har utdanning innanfor spesialpedagogikk, god fagleg kompetanse innan fagfeltet.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

24/3729

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Avdelingsleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

20.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Søfteland barneskule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Lerkevegen 2 5212 Søfteland

Kart: