Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar

Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?

Familierettleiar

Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår kollega i Familieteamet.

Bjørnafjorden kommune har samorganisert tjenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. I Familiens hus inngår Førebyggande helseteneste, Barneverntenesta og eininga Barn, unge og familiar. Familieteamet er ein eigen avdeling under Barn, unge og familiar. Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid med eit heilskapleg blikk for barnet sine behov er ei viktig satsing i vår kommune, og Familieteamet med sitt tenestetilbod er ein viktig del av laget kring barnet.

I Oppvekstfeltet skal vi jobbe saman for å ta heile samfunnet i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege, med barn, unge og føresette i sentrum. Dette betyr blant anna å samarbeide betre mellom fagområda og på tvers av aldersgrupper. Det er etablerte strukturar for samarbeid internt i Familiens hus og med ulike eksterne samarbeidspartnarar.  

I familiens hus skal vi tilby rettleiing og oppfølging til barn, unge og familiar både på lavterskelnivå og etter vedtak frå barneverntenesta. Vi søker deg som har erfaring frå endringsarbeid i familiar, psykisk helse og som ser moglegheiter og tenker nytt til det beste for innbyggarane våre.

Familiens hus har ledig:
100% stilling som familierettleiar 

Arbeidsoppgåver

  • Observasjon og endringsarbeid i familiar
  • Rettleiing knytt til emosjonell og praktisk omsorg i familien sitt heimemiljø
  • Rettleiing til foreldre og barn/unge individuelt og i grupper
  • Klinisk arbeid med barn, unge og deira familiar. Herunder kartlegging og oppfølging av lette til moderate psykiske helseplager hos barn og unge
  • Familiesamtalar
  • Samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • Ulike tilsynsoppdrag knytt til familiar og barn/ungdom
  • Deltaking i Bjørnafjorden kommune sitt lavterskeltilbod

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Vidareutdanning i familieterapi, samspel og tilknyting, psykisk helse, eller anna relevant vidareutdanning
  • Ønskeleg med sertifisering i PMTO, Tuning into kids/teens, EFST eller anna relevante rettleiingsmetodikk
  • Erfaring frå rettleiing av barn og familiar
  • Førarkort klasse B

I tillegg ønskjer vi at du har:

  • Evne til å arbeide målretta, både sjølvstendig og i team
  • Evne til å sjå og vise omsorg for barn og unge som enkeltmenneske med integritet og verdi
  • Forståing og kunnskap om barn/ungdom og psykisk helse.
  • Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid, og bruk av IT som arbeidsverktøy

Vi legg vekt på personlege eigenskapar
Vi oppmodar menn til å søkje
Vi ønskjer å vere tilgjengelege når brukarane våre er det. Difor må du rekne med arbeid på ettermiddagstid inntil ein til to kveldar i veka.

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstidordning
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, og lønn etter avtale

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Avdelingsleiar for Familieteamet: Lillian Slettevold, tlf: 415 04 303 eller Leiar Familiens hus Linda Hevrøy, 971 56 989.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

24/3728

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Rådgjevar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

20.05.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Familieteamet

Adresse:

Torggata 7 5200 Os

Kart: