Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for vaksne

Vil du vera med i oppstart av nytt flott bufellesskap ?

Helsepersonell til heilttid- og deltidsstillingar

Søfteland bufellesskap er eit nytt bufellesskap under Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune og vi søkjer deg som vil vera med frå starten av, til å utvikla vårt flotte bufellesskap.

- 4 x 100% sjukepleiar/vernepleiar

- 3 x 100% fagarbeidar

- omlag 50% natt (resterande årsverk natt vert flytta internt i eininga)

- 7 helgestillingar på om lag 22%, 4.kvar helg

 I tillegg til dette treng vi også tilkallingsvikarar.

Stillingane er i turnus på dag-, kveld- og nattvakter pluss helg.

-Vi ber deg presisere i søknaden, kva stilling/stillingar som kan være aktuell for deg.

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar over 18 år.Tenestene består av 9 bufellesskap, ambulerande miljøtenester og 2 dagsenter.
Søfteland bufellesskap ligg flott plassert i etablert bustadområde på Søfteland ca 10 min frå Os sentrum, og skal gje tenester til 6 unge tenestemottakarar.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har relevant helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på bachelornivå - fortrinnsvis sjukepleiar/vernepleiar med medisinfagleg kompetanse, samt helsefagarbeidar. Det er ønskjeleg med erfaring i frå målretta miljøarbeid med personar med nedsatt funksjonsevne og autisnespekteret, men erfaring i frå eldreomsorg eller psykisk helsearbeid vil også kunne vere relevant. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.

Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, bruker-medverking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillingane.
Stillingane er i turnus, kombinasjon ordinære vakter og langvakter – arbeid 4.kvar helg 

Helgestillingane er i langvakter 4.kvar helg 

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi vel å kalla inn til intervju fortløpande, men etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. 

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Referansenummer:

24/3727

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

30.05.2024

Tiltreding:

01.09.2024

Arbeidsstad:

Søfteland bufellesskap

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: